Velkomen

Fjell kommunale pensjonskasse (Fkpensjon) har vore i drift sidan 1. januar 2006. Pensjonskassen er tenestepensjonsordning for tilsette i Fjell kommune, med unntak av lærarar og sjukepleiarar, og for tilsette i Sotra Brannvern IKS og tilsette i Fjell kommunale pensjonskasse. I tillegg er nokre folkevalde i Fjell kommune omfatta av ordninga.

Offentleg tenestepensjon frå Fjell kommunale pensjonskasse er eit viktig bidrag til økonomien den dagen du sluttar i arbeid, eller dersom noko uventa skjer. Som medlem i Fjell kommunale pensjonskasse kan du søkje pensjon dersom du sluttar i jobb fordi du har nådd aldersgrensa for stillinga, eller du er blitt midlertidig eller varig arbeidsufør. Gjenlevande ektefelle, registrert partner og barn etter medlem av pensjonskassen kan søkje etterlattepensjon.