Ny offentleg tenestepensjon

Lommebok og pengerFramforhandla løysing av 3. mars 2018. Avtale om tenestepensjon for tilsette i offentleg sektor.

Avtala skildrar ny pensjonsløysing for tilsette i offentleg sektor samt overgangsordningar. Den nye løysinga er slik at det framleis skal vere eit einsarta pensjonssystem i offentleg sektor, med livsvarig pensjon og like reglar for kvinner og menn.

Avtala kan lastast ned her.

Ny tenestepensjon og AFP i offentleg sektor

Lommebok og pengerVedlagt er rapport (fase I) frå ei arbeidsgruppe som har arbeidd med dette. Ein har no starta på Fase II med sikte på snarleg avklaring, 1. mars 2018, om korleis den nye offentlege tenestepensjonen skal utformast.

Det ser ut til at den nye tenestepensjonen vil gjelde tilsette født frå 1963 og utover. I arbeidsgruppa er Arbeid og sosialdepartementet, LO, YS, KS m fl representert. (Går fram av innleiinga til rapporten).