Kontakt oss

Administrasjon

Dagleg leiar

Trond Roar Birkelund

Besøksadresse

Fjell rådhus, Foldnesvegen 1, Straume

Telefon

55 09 72 39 / 997 87 371

E-post

trond.birkelund@fjell.kommune.no

Postadresse

Fjell kommunale pensjonskasse v/dagleg leiar, Postboks 184, 5342 Straume.

Medlemsadministrasjon

Adresse

Fjell kommunale pensjonskasse, c/o Storebrand Pensjonstjenester AS, postboks 455, 1327 Lysaker.

Oppgjersavdelinga

Pensjonskassen nyttar Storebrand Pensjonstjenester AS i Oslo til medlemsadministrasjon. Dei held oversikt over inn- og utmeldingar i pensjonskassen, reknar ut pensjon og utbetalar pensjon. Har du spørsmål om utrekning og utbetaling av pensjon kan du kontakte Oppgjersavdelinga ved Storebrand Pensjonstjenester AS på tlf. 55 09 69 49, eller lokalt berre 6949 dersom du ringer frå eit av Fjell kommune sine numre som begynner med 55 09. Du vert automatisk vidarekopla til telefonnummeret til Storebrand. Telefonopningstida er kl. 9.00 – 15.00. Det er eit felles kundesenter for fleire pensjonskassar som svarar på telefonen. Dersom du ønskjer å snakke særskild med dei sakshandsamarane som server medlemene i Fkpensjon kan du be om det. Du kan og kontakte oppgjersavdelinga via e-post, til dømes dersom du ønskjer utrekning av framtidig pensjon. Adressa er: pensjonskassen@fjell.kommune.no Husk å skriv inn namn og fødselsdato.

Serviceavdelinga

Er du aktivt medlem i pensjonskassen vil du i løpet av 1. kvartal kvart år få tilsendt eit oppdatert medlemsbevis med dei rettane du har opparbeidd deg. Dersom du har spørsmål til innhaldet i medlemsbevisa kan desse rettast til serviceavdelinga i Storebrand Pensjonstjenester AS på tlf 55 09 69 48 eller berre lokalt 6948. Du kan og kontakte personalavdeling hjå arbeidsgjevar då innhaldet i medlemsbevisa er basert på informasjon frå arbeidsgjevar. Serviceavdelinga sender to gangar i året ut melding til dei som vert meldt ut av pensjonskassen. Grunnar for utmelding kan til dømes vere at ein har slutta i jobben eller har tatt forlenga svangerskapspermisjon utan løn. Arbeidsgjevar sender melding til Fkpensjon kvart kvartal, og ein vil automatisk bli innmeldt igjen når lønsutbetalingane startar igjen. Ved utmelding taper ein ikkje tidlegare opptening.