AFP – Avtalefesta pensjon

Avtalefesta pensjon er ei tidlegpensjonsordning og i utgangspunktet ikkje ei pensjonskasseyting, men ein rett etter hovudtariffavtala. AFP kan dersom vilkåra er til stades takast ut frå 62 år.

AFP er ein pensjon som er forhandla fram mellom arbeidsgjevar- og arbeidstakarorganisasjonane, og dermed ein tariffesta pensjon som kan endrast eller seiast opp av partane under forhandlingar om ny hovudtariffavtale.

Fjell kommunale pensjonskasse administrerer AFP og utbetaler på vegne av arbeidsgjevar.

Det er viktig å vere klar over at ved uttak av AFP så opphøyrar oppteninga i pensjonsordninga. Ein kan ikkje kombinere uttak av AFP med uttak av alderspensjon i folketrygda.

Tek ein ut AFP frå 62 – 64 år får alle ein folketrygd berekna pensjon.  Pensjonsgjevande inntekt utover kr 15.000 i året vil føre til trekk i AFP utbetalinga. Ved delvis uttak av AFP gjeld det same, der AFP utbetalinga pluss oppgjeve arbeidsinntekt frå arbeidsgjevar er grunnlaget for dei kr 15.000 ein kan tene i tillegg.

Frå 65 – 67 år vert det gjort to berekningar. Ei folketrygdberekna AFP som er lik den som gjeld for 62- 64 år og ei berekning etter pensjonsreglane i pensjonskassen. Pensjonskassen vil utbetale den høgaste satsen, men den einskilde får melding om at ein kan velje den andre utrekninga. Dette kan vere aktuelt dersom det er liten forskjell mellom dei to utrekningane og den folketrygdberekna er høgast. Utbetaling etter pensjonskassen sine reglar har nemleg andre reglar for kor mykje ein kan tene utover AFP utbetalinga. Ein kan då tene kor mykje ein vil dersom inntekta kjem frå privat verksemd. Dersom inntekta kjem frå offentleg verksemd som har ei offentleg pensjonsordning gjeld eigne reglar om pensjonistløn. Timeløna pr 1. mai 2016 er her kr 191. Tillegg ved kvelds-, natt og helgearbeid kjem i tillegg.

For meir informasjon om AFP visar vi til hovudtariffavtala. Sjå hovudtariffavtala (kap. 2 jf. vedlegg 4)