Alderspensjon

Som medlem i pensjonskassen har du til vanleg rett til alderspensjon frå oss i tillegg til pensjon frå folketrygda.

Storleiken på pensjonen bygger på tal medlems år (tenestetid), løn og stillingsstorleik. Full alderspensjon frå pensjonskassen er 66% av løn ved full oppteningstid (30 år). Har stillingsstorleiken variert, vil pensjonsgrunnlaget (løn) omreknast etter gjennomsnittlig deltid. Alle tidsrom du har vore medlem vert lagt saman og den samla medlemstida vert runda av til næraste heile år. Dersom du går av etter 85 års regelen vil du også få utbetalt 66 % av pensjonsgrunnlaget, under føresetnad av at du har 30 års oppteningstid. Alderspensjonen gjeld frå den første dagen du ikkje lenger får løn, og er ei livsvarig yting.

Frå 2011 er det mogeleg å ta ut alderspensjon frå folketrygda under føresetnad av lang nok oppteningstid. Det pensjonskassen erfarer no er at mange tek ut alderspensjon frå folketrygda. I tillegg ser vi at fleire og fleire står i arbeid utover 67 år. Dersom du tenkjer å velje tidleg uttak frå folketrygda eller stå i arbeid utover 67 år, tilrår vi at du tek kontakt med pensjonskassen for å beregne konsekvensar for tenestepensjonen. Den kan då bli mindre enn 66 % av pensjonsgrunnlaget, pga. samordning med folketrygda.

Når kan du gå av?

Du kan søkje alderspensjon når du har nådd aldersgrensa for stillinga, eller inntil tre år før aldersgrensa dersom summen av alder og tenestetid er minst 85 år, eller du har fylt 67 år.

Aldersgrensa er knytt til stillinga du har og gir deg rett og plikt til å gå av med alderspensjon. Den ordinære aldersgrensa i offentlig sektor er 70 år, men enkelte stillingar har særskilde aldersgrenser. Arbeidstakarar i stillingar med særskild aldersgrense som er lågare enn 67 år, og som ikkje har opptent fulle pensjonsretter, kan likevel halde fram i stilling lengre.

Alderspensjon frå folketrygda

Alderspensjon i folketrygda har fleksibelt uttak frå fylte 62 år (pensjonsreforma). Det er storleiken på oppteninga di som avgjer om du kan velje å ta ut alderspensjon frå folketrygda før du er 67 år. Frå fylte 67 år har alle rett til å ta ut alderspensjon frå folketrygda, og alle har rett til å fråtre med pensjon også frå vår pensjonsordning ved fylte 67 år, sjølv om aldersgrensa som er knytt til stillinga er høgare. Husk at du må søkje om alderspensjon hjå NAV.

85-års regelen

Du kan fråtre stillinga inntil 3 år før aldersgrensa til for stillinga dersom summen av alder og tenestetid er minimum 85 år.

Frå fylte 67 år

Frå fylte 67 år vil du i tillegg til alderspensjon frå folketrygda få alderspensjon frå pensjonskassen. Samla pensjon frå NAV og pensjonskassen vil utgjere minst 66 % av pensjonsgrunnlaget, under føresetnad av at du har full oppteningstid i pensjonskassen, det vil seie 30 år.

For ytterlegare informasjon, sjå hovudtariffavtala (kap. 2 jf. vedlegg 5).

Slik søkjer du alderspensjon

Du kan ta kontakt med pensjonskassen for å avklare kva regelverk som gjelder for din stilling, og vi kan også hjelpe med serviceberekning av pensjonen din i framtida. Har du tidlegare vore medlem i ei anna offentleg pensjonsordning må du opplyse om dette, og vi vil innhente opplysningane vi treng. For å berekne alderspensjon frå fylte 67 år må vi ha serviceberekning av alderspensjonen i folketrygda. Du kan og gå inn på din side på NAV og berekne pensjonen sjølv.

Alderspensjonen kjem ikkje automatisk til utbetaling sjølv om du har nådd aldersgrensa for stillinga eller om du har fylt 67 år. Du må søkje om alderspensjon frå pensjonskassen. Pensjonskassen nyttar elektroniske søknadsskjema ved søknad om pensjon. Desse er tilgjengeleg hjå personalavdelinga hjå arbeidsgjevar. Skjema vert sendt via arbeidsgjevar.

Kva kan du tene i tillegg til alderspensjon

Du har anledning til å kombinere alderspensjon med arbeidsinntekt, men arbeidsinntekta kan føre til reduksjon i tenestepensjonen. Folketrygda og pensjonskassen har ulike regler når det gjelder inntekt og pensjon.

Som alderspensjonist kan du ha uavgrensa inntekt frå arbeidsgjevar som ikkje har ei offentleg pensjonsordning, utan at pensjonen vert redusert.

Dersom inntekta kjem frå ei arbeidsgjevar som har ei offentleg pensjonsordning gjeld eigne reglar om pensjonistløn. Timeløna pr 1. mai 2016 er her kr 191. Tillegg ved kvelds-, natt og helgearbeid kjem i tillegg. Det er ikkje noko tak for kor mykje du kan arbeide.