Etterlattepensjon

Rett til ektefellepensjon

Ved dødsfall vil gjenlevande ektefelle eller registrert partner ha rett til ektefellepensjon. Fråskilt ektefelle som ikkje har inngått nytt ekteskap kan også ha rett på pensjon. Samboarar har ikkje rett på etterlattepensjon.

Ektefellepensjon vert utrekna etter forskjellege reglar avhengig av avdøde sin innmeldingsdato i pensjonskassen, dødsdato, fødselsår for gjenlevande og dato for inngåing av ekteskapet.

Nettoberekna ektefellepensjon

Nettoberekna ektefellepensjon utgjer 9 prosent av pensjonsgrunnlaget til din avdøyde ektefelle. 01.01.2001 blei det innført reglar om utrekning av såkalla nettoberekna ektefellepensjon. 01.02.2010 blei reglane om nettoberekna ektefellepensjon utvida. Dersom du ikkje tilhøyrar ei av gruppene som er nemnd under, skal du ha ektefellepensjon berekna etter nettoreglane. Nettoberekna pensjon inneber at pensjonen ikkje skal samordnast med ytingar frå folketrygda eller andre pensjonsordningar. Det skal heller ikkje takast omsyn til inntekta til den gjenlevande.

Bruttoberekna ektefellepensjon

Ein bruttoberekna ektefellepensjon gjeld når du som gjenlevande ektefelle er født før 01.07.1950 og din avdøyde ektefelle blei medlem i ei offentleg pensjonsordning første gang før 01.07.2000. Det same gjeld når du som gjenlevande ektefelle er født før 01.01.1955 og din avdøyde ektefelle blei medlem i ei offentleg pensjonsordning første gang før 01.01.1979, og ekteskapet blei inngått før 01.01.2010.

Full årleg ektefellepensjon utgjør 39,6 % av pensjonsgrunnlaget til avdøyde. Blei avdøyde innmeldt i ei offentleg pensjonsordning etter 01.01.1979 vil pensjonen bli redusert i forhold til inntekta til gjenlevande og/eller eigen alders-/uførepensjon frå offentlig sektor. Bruttoberekna pensjon vert alltid samordna med ytingar i folketrygda.

Rett til barnepensjon

Barn under 20 år har rett til barnepensjon dersom ein av foreldra døyr og vedkomande er medlem hos oss. Dersom eit barn mister begge sine foreldre, og begge er medlem hos oss, har barnet rett til barnepensjon frå begge foreldra. Barnepensjon for eit barn utgjer 15 prosent av pensjonsgrunnlaget til avdøyde.

Pensjonen vert utbetalt til og med månaden barnet fyller 20 år.

Les meir om etterlattepensjon og barnepensjon i hovudtariffavtala vedlegg 5.