Oppsatt pensjon

Dersom du sluttar å jobbe i ei offentleg verksemd, går du frå å vere eit aktivt medlem til å få ein oppsett pensjonsrett. For at oppsett pensjonsrett skal kunne gje ei pensjonsutbetaling i framtida er det eit vilkår at du har minst 3 års medlemstid i offentlege pensjonsordningar.

Oppteninga kan vere frå ein eller fleire ulike offentlege arbeidsforhold. Ved samla tenestetid på 3 år, er det siste ordning du er medlem av som utbetaler pensjonen på vegne av alle ordningane. Pensjonsordningane som ytar offentleg pensjon, er knytt til ei eiga overføringsavtale som regulerer dette.

Oppsett pensjon gjeld for uførepensjon (mellombels uførepensjon, varig uførepensjon), alderspensjon og etterlattepensjon.