Uførepensjon

Nye reglar for uføreytingar i folketrygda og i tenestepensjonsordninga trer i kraft frå 1. januar 2015. Denne endringa av uføreytingane er eit ledd i pensjonsreforma. Dei fullstendige reglane er tekne inn i Hovudtariffavtala (HTA) vedlegg 5 TPO vedtektene kap 8.

Dei nye reglane vil også få følgjer for dei som har løpande uførepensjon frå pensjonskassen pr. 1. januar 2015. Det vert orientert om dette i eit eige brev.

I folketrygda er den nye ytinga ei uføretrygd, som skal utgjera 66 prosent av gjennomsnittleg inntekt dei tre beste av de fem siste åra. Det er inntekt opp til seks gonger grunnbeløpet i folketrygda (G) som vert rekna med.

Utrekning av ny uførepensjon i pensjonsordninga

Uførepensjonen frå pensjonsordninga vert utrekna med utgangspunkt i at det vert utbetalt uføretrygd eller arbeidsavklaringspengar frå folketrygda.

Ytinga til pensjonsordninga kjem som eit tillegg til uføretrygda til folketrygda, og frå 1. januar 2015 vil ho utgjera

  • 3 prosent av pensjonsgrunnlaget opp til 6 G
  • 69 prosent av pensjonsgrunnlaget mellom 6 og 12 G.
  • eit kronetillegg på 25 prosent av G (grunnbeløpet i folketrygda), som ikkje kan vere høgare enn 6 prosent av pensjonsgrunnlaget

Pensjonsgrunnlaget er fast lønn og pensjonsgivande tillegg.

Uførepensjonen vert redusert dersom det ikkje er full oppteningstid, dvs 30 år, eller 100 prosent uførheit. Oppteningstida vert rekna til aldersgrensa, maks 67 år.

Folketrygda vil utbetale dei første 66 prosentene. Deretter legg pensjonsordninga til ein fast sats på 3 prosent av sluttløna for inntekt opp til 6 G. For inntekt mellom 6 og 12 G er satsen frå pensjonsordninga 69 prosent. Det er fordi folketrygda ikkje utbetalar noko i dette intervallet.

I enkelte tilfelle vert det ikkje innvilga uføreytingar frå folketrygda. Det vil vanlegvis gjelde ved uføregrad lågare enn 50 prosent. Då skal uførepensjonen utgjøre 69 prosent av heile pensjonsgrunnlaget, pluss kronetillegget. Tenestepensjonsordninga vil i slike tilfelle kompensera for manglande folketrygd.

Uførepensjon frå pensjonsordninga skal ikkje lenger samordnast med uføretrygd eller arbeidsavklaringspengar frå folketrygda, men kjem som eit tillegg.

Kva skjer med skatten?

Skattelegginga av dei samla uføreytingane frå folketrygda og pensjonsordninga vert endra frå 1. januar 2015. Etter dei nye skattereglane skal uføreytingar skattleggast som lønnsinntekt.

Dersom du vil vite meir om skatt, bør du kontakte skatteetaten.

Godkjenning av uførepensjon

Det er ingen vesentlige endringar i vilkåra for å få innvilga uførepensjon frå tenestepensjonsordninga. Uførepensjon kan gjevast dersom inntektsevna er redusert på grunn av sjukdom eller skade i ein slik grad at du ikkje kan halde fram i din vanlege stilling, og ikkje kan skaffa deg anna passande arbeid. Ved vurdering av om det ligg føre sjukdom, gjeld det same sjukdomsomgrepet som i folketrygda.

Reglane om karens vert vidareført. Det vil seie at retten til uførepensjon i visse tilfelle fell bort dersom uførheita trer inn innan to år etter at du tok til i stillinga.

Regelen om uførepensjon pga. alderssvekking vert ikkje vidareført i det nye regelverket. Det betyr at du ikkje kan søkje om uførepensjon på grunn av alderssvekking etter 1. januar 2015.

I det nye regelverket er det både mellombels uførepensjon og uførepensjon. Mellombels uførepensjon vert gjeve når det er innvilga arbeidsavklaringspengar frå folketrygda. Uførepensjon vert gjeve når det er innvilga uføretrygd frå folketrygda.

Dersom du ikkje har noko yting frå NAV (uføregrad under 50 prosent) vert pensjonen fastsett i utgangspunktet som ein mellombels uførepensjon.

Frå 2015 går uførepensjonen over til alderspensjon frå aldersgrensa i stillinga, seinast ved 67 år.

Gradert uførepensjon

Det vil også etter dei nye reglane vera mogleg å få ein gradert uførepensjon.

Minste uføregrad i folketrygda vil som hovudregel vere 50 prosent.

Minste uføregrad i pensjonsordninga frå 1. januar 2015 er 20 prosent. Det betyr at ein kan ha uførepensjon i pensjonsordninga utan tilsvarande yting i folketrygda.

Uføregraden vil frå 1. januar 2015 fastsetjast ved å samanlikne inntektsevna før uførheit med inntektsevna etter uførheit. Inntektsevna betyr den evna du har til å utføre inntektsgjevande arbeid.

Uføregraden som vert fastsatt i godkjenningsvedtaket om pensjon, varar så lenge uførevedtaket gjeld. Ved godkjenninga vert det også fastsett ei inntektsgrense. Pensjonsutbetalinga vert redusert dersom inntekta overstig inntektsgrensa, men aukar igjen dersom inntekta vert redusert til under inntektsgrensa.

Tidligare reglar om kompensasjon for nedgang i løn vert ikkje vidareført i det nye regelverket. Uførepensjon etter nytt regelverk blir vurdert ut frå kva evne du har til å utføre inntektsgjevande arbeid. Inntekta du hadde før du blei ufør, skal vurderast mot inntekta du har etter at du blei ufør. På den måten kan pensjonsordninga kompensere for den reduserte inntektsevna.

Pensjon og inntekt

Fleksibiliteten i den nye uføreordninga er større enn i den gamle ordninga. Det er mogleg å arbeida så mykje du vil etter at du har blitt ufør, og uførepensjonen vert alltid utrekna i forhold til inntekta, men du misser ikkje uføregrada som først blei fastsett.

Ved godkjenning av uførepensjon skal det samstundes fastsetjast ei inntektsgrense. Inntektsgrensa er – frå 1. januar 2015 – den inntekta du kan ha før uførepensjonen blir redusert. Dersom du tener meir enn inntektsgrensa di, vert det rekna ut eit frådrag i pensjonen for den delen av inntekta som overstig inntektsgrensa. Ved vurderinga om pensjonen skal reduserast, skal det takast omsyn til all inntekt, også inntekt frå private arbeidsforhold, honorar frå verv og liknande.

Når det også blir utbetalt uføretrygd frå folketrygda, er det ein friinntekt på 40 prosent av grunnbeløpet i folketrygda. Denne skal takast med i utrekninga av inntektsgrensa. Dersom folketrygda yter arbeidsavklaringspengar eller det ikkje er ei uføreyting i folketrygda, er det derimot inga friinntekt på 40 prosent av grunnbeløpet.

Når inntekta utgjer meir enn 80 prosent av den samla inntekta før uførheita oppstod, fell uførepensjonen heilt vekk. Dersom inntekta seinare går ned igjen, aukar uførepensjonen.

Oppsett uførepensjon

Rett til oppsett uførepensjon vert vidareført. Det vil seie at dersom du har jobba minst tre år i det offentlige, vil du ha rett til uføreyting i samsvar med oppteninga i offentleg sektor. Det er eit vilkår at du har fått innvilga uføretrygd i folketrygda. Det betyr at du berre har rett til oppsett uføreyting om du er meir enn 50 prosent ufør. For lågare uføregrader, er det ingen rett.