Personopplysningar

GDPR og ny personopplysningslov

GDPR, The General Data Protection Regulation, er ei forordning vedteke av EU om vern av data og personopplysningar. Forordning 2016/679 er av 27. april 2016 og trådde i kraft i EU 25. mai 2018. Forordninga får verknad i Noreg gjennom EØS-avtalen. Nasjonal iverksetting er forventa 1. juli 2018.

Stortinget har vedteke ny personopplysningslov, og denne gjer EUs personvernforordning til norsk lov gjennom inkorporasjon.

Fjell kommunale pensjonskasse er ansvarleg for at personopplysningar vert behandla etter det gjeldande regelverket. Pensjonskassen motek personopplysningar frå arbeidsgjevar og offentleg mynde for å kunne administrere dine rettar. Fødselsnummer er naudsynt for sikker identifikasjon og korrekt rapportering til offentlig mynde. Ved medlemstid i andre pensjonsordningar vert namn og fødselsnummer utlevert, og opplysningar om løn og tenestetid innhenta. Eventuell pensjonsutbetaling vil kunne avhenge av at du gjev samtykke til innhenting av ytterlegare informasjon.

Pensjonskassen lagrar informasjonen så lenge den er nødvendig for å oppfylle rettane som følgjer av pensjonsvedtektene, og vil deretter slettast. Du har rett til innsyn i dei registrerte personopplysningane og til å krevje desse retta, dersom det er feil. Behandlingsansvarleg for personopplysningar er pensjonskassen v/dagleg leiar.